Lokaler

Ole Bull Akademiet

og Bømoen leir

OM du skal feira konfirmasjon, dåp, 40 års lag, firmafest, bestemor - eller kva det måtte vere - så kan me hjelpa deg med lokale!
Du kan faktisk komma til duk og dekkja bord om du vil. Middagar, lunsj, tapas, snittar, kaker - me ordnar det meste.

 

Med lange tradisjonar innanfor selskapslokale og arrangement, er me godt skodd med både servitørar og skjenkebevilgning.

Skal du arrangera minnestund, er me godt erfarne med dette. Ring oss om du lurar på noko!



Ole Bull Akademiet ligg berre nokre steinkast frå Vangen, og ligg i fine omgjevnadar. Me har ærverdige lokale til store og små selskap. I tillegg er det heile 17 rom til leige for overnatting.



På Bømoen disponere me lokale i den gamle militærleiren frå 1898! Her er det kapasitet til større grupper. Me har kapasitet på heile 270 sengeplassar! Ta kontakt om dette er noko for deg, så finn me både pris og ledig tidspunkt.



For mindre grupper og arrangement, kan me og nytta kafeen som lokale. Dette vert ofte nytta til konfirmasjonar, dåp, konsertar m.m. og har ein kapsitet til maks 60 gjester.


Share by: