Me har ope kafe kvar dag, mitt i hjerta av Vangsgata! Kom og nyt ein dagens middag, fersk brygga kaffe, ferske lappar, eit herleg kakestykke, dagens aviser! Håper me ser deg!

Kom innom oss og nyt eit godt måltid, noko godt å drikke eller noko søtt. Me har det meste, og tilbyr gode og ferske matrettar med kortreiste råvarer. Hjå oss kan du nyta ein kopp kaffi, lesa dagens aviser, gratis Wi-Fi, nysteikte lappar, dagens middag, våre populære "blingsar" og mykje anna. Ta med ein ven, kona, kjærast, typen, mammo, bestemor, kompisgjengen eller heile slekta og finn deg godt til rette hjå oss!

Vår visjon er at du skal ha ei god oppleving hjå oss, om det er som gjest på kafeen, i eit av våre selskapslokale
eller om du nyttar deg av våre catering tenestar.


Vonar å sjå deg snart


Helsing Inger Mathilde og Jarle

Har du prøvd Ringheim Burger?   Anbefalast av både Vossingar og andre!

Skal du ha konfirmasjon, bryllaup, jubileum, firma arrangement, minnestund eller andre arrangement der du treng å koma til duk og dekka bord? Då har me eit samarbeid med Ole Bull Akademiet, og har flotte, ærverdige lokale til leige! Det du treng av dekkety, plass, fasilitetar og mat - det fiksar me!
Dersom du vil ha ditt eige personlege preg på lokale du leige, stiller me oss ope for det!


Selskapslokaler på Voss! Les meir her

Share by: